Kven skal eg takke for all denne æra i dette å gå her og vera og vera - Kven skal eg takke for det eg fekk li så gleda fekk grunn å røte seg i? Skogen har gøymt meg og jord har eg femnt, men kven eg skal takke har ingen nemnt. Det bleka mot blånar i nattsvarte brunn, men takken låg blodlaus som bøn i min munn. Kven er du, gjevar? Kvi teier du still? Di ordløyse fører ein vantru vill. Du namnlause gjevar, eg finn ikkje fred før eg kan takke for alt som laut skje - Men kjem du kje nær meg så takkar eg henne du gav meg for det eg skal brenne og brenne - Kjelde: Dikt i samling, Samlaget, 1987, s. Den ligger høyt på klippegrunn, den står med mure trygge; - Gud signe mildt fra denne stund det verk vi her fikk bygge! Vi fjellets sønner, vi vet så vel at urt kan artes på heien, at tallens topp, der den gror på fjell, mot himlen kjekt finner veien; - vi vet at strå bak bergets ur kan aksets krongull bære; - så trives og bak skolens mur den grøderike lære! Ti Gud vil sende sitt godvær ned til urtegården her inne, så tankens spirer, så åndens sæd seg frem til modning kan vinne; han skjenke frimarks luftning mild, og lys fra livets vidder; ti friluft trenger tanken til, som våren fuglekvidder. Det frø her legges, det spire trygt utover slektens grave! Skill aldri livets vårnatur fra lære-hjemmets tanke; - og hvelv ditt tak og høyn din mur som vern, men ei som skranke! Kjelde: Samled… av Vegard Vigerust Det va ei vise på Dovrfjelle, ho ha så onde'leg pen ein ljod. Men det var einast i seinhaustkvelle når månin skein over Svånå-svelle at de va von um å høyre ho. Og lye' du berre lengje, er det som sorgje sviv på mjuke sjo'fuggel-vengje over ditt arme liv. Vegard Vigerust Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen, 1993, s. Eg lyfter på hatt. Gud veit no den dagen når dit eg kjem att. Farvel hovudstaden, i deg var det best: der fann eg dei beste, der lærde eg mest. Lat sjå du som alltid på folk helder styr! For du er den karen som temja kan dyr. Men ufrisk i varmen eg alltid deg fann. Du liksom er tanken, du elder din mann. Og derfor til fjells vil eg draga som døl, og kjenningar finna og gløyma meg sjølv. Vinjes beste, Samlaget, 1991, s. Frå Ferdaminni fraa Sumaren 1860, utgjeve 1861. Så får han skjegg av or og seljekratt, blir elv med manndomstankar, blir til sjø og speglar stjernene i haustklår natt og sig i dvale under is og snø. Men elva finn seg att og trår av stad til større stjernespegling, større ro i draumestilt djup med oseanisk fred. Så samlar ho si tyngd, renn ut og ned og glir alvorleg gjennom busett mo og kviskrar lykkeleg sitt siste ja. Kjelde: Nynorsk lyrikk, Selja forlag, 2009, s. Men du veit at myrull, - Å, mjuke myrull, den blomsten er nogo for seg. Ho veks i avsides lende Og gøyme' seg burt så sær. Og lell så skull' de da hende du kom og fekk sjå meg der! Nå er oss i hop for livet bratt kan det vera å gå, men så mjuk som myrull er kjærlegheite, og mest når det røyne' litt på. Så kom da, du vænn eg fekk meg så går oss og finn ein tind, og kyss meg og elsk meg og vekk meg med myrull som stryk mot kinn. Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen Boklag, 1993, s. Enda gladar er tanken min som finn til deg. Varm er stråla som soli sprænar mot aur og urd. Varmar enda er augnekaste frå unge brur. Mild er vindtonen der han tiskar i lauv og lyng. Enda mildar er voggesullen som mori syng. Mjuk er myrulli nordi morkom - ho står så stur, som stille, gråtande hjartesorgi til sviki brur. Mjukar enn alt er kjærleikslengten i mannahug. Kjelde: Dikt i utval, Noregs boklag, 1981, s.